Omskifte i Sogn og Fjordane Indremisjon

 KRINSRÅDGIVAR: trond Johansen vert den nye krinsrådgivaren i Sogn og Fjordane Indremisjon. Han vert skildra som ein god forkynnar og leiar.(FOTO:JERMOD HAUSBERG/DNK) Av Øystein Lid – Det var Johansen sjølv som ynskte tittelen krinsrådgivar, forklarer styreleiar i Sogn og Fjordane Indremisjon, Gudmund Furnes. Nullstilling – Kva er skilnaden på ein krinsrådgivar og ein krinssekretær? – No […]

  
KRINSRÅDGIVAR: trond Johansen vert den nye krinsrådgivaren i Sogn og Fjordane Indremisjon. Han vert skildra som ein god forkynnar og leiar.
(FOTO:JERMOD HAUSBERG/DNK)

Av Øystein Lid

– Det var Johansen sjølv som ynskte tittelen krinsrådgivar, forklarer styreleiar i Sogn og Fjordane Indremisjon, Gudmund Furnes.

Nullstilling

– Kva er skilnaden på ein krinsrådgivar og ein krinssekretær?

– No er det slik at me ikkje skal ha krinssekretær, og i staden får me ein krinsrådgivar. Poenget med det er at Johansen ikkje skal inn i dei gamle opptrakka spora frå tidlegare tider, men at me skal byggja nytt. Me nullstiller alt. Korleis hans rolle vert annleis må tida visa, seier Furnes.

Arbeidsoppgåvene til ein krinssekretær har tradisjonelt vore å styra arbeidet administrativt, økonomisk og åndeleg.

Trond Johansen har bakgrunn som redaktør av For Fattig og Rik, samt som prestevikar i Indre Sogn prosti. På nettsidene til Den norske kyrkja får Johansen dette uvanlege skussmålet. «Johansen har gode evner til å forkynna til både unge og eldre, og med han som prest ser aurlendingane fram til gudstenestene».

Ein me har tru på
Furnes skildrar Johansen som «ein mann som stiller krav til både seg sjølv og andre», og som eit svært positivt menneske. 
– Han er ein person som me har tru på. Han er engasjerande og inspirerande og har ein stå-på- vilje som gjer at me trur han kan verta ein voldsomt god person i stillinga, seier styreleiaren. 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.